Reglar
Steikje God Kok - reglement
Nyte ei roleg og varm stund kombinert med det kalde og friske i naturskjønne omgjevnadar? Kanskje etter ein lengre topptur eller fjelltur? Våre badstuer finn du sentralt i Loen ved fjorden og i Oldedalen ved kanten av det turkisgrøne vatnet omkrinsa av stupbratte fjell og isbreear. Vi har opent kvar dag heile året. Du kan bestille tid frå kl.06.00 til kl. 22.00.
Generelle reglar
Barn under 16 år kan ikkje bruke badstue åleine, men må være i følge med vaksne over 18 år.
Kvist, blad, eller eigne bøtter med vatn ol. er ikkje tillat å bruke inne i saunaen. Ønsker ein å kjøle seg ned må ein gå ut og ta seg ein dukkert.
Bruk av badstu og bading skjer på eige ansvar.
Bruk alltid badetøy og handkle på benk til å sitte på. Ta gjerne med 2 handklede.
Ta med drikkevatn for å unngå dehydrering. Det er ikkje tillate med mat i badstua, kun drikkevatn!
Skyll av på beina når du går inn i badstua.
Det kan kun nytast alkohol ved privat/gruppebestilling. Begrens alkoholinntak til 2 einingar!
Du er erstatningsansvarleg for eventuelle skadar du påfører saunaen ved bruk.
Rydd og gjer deg klar til å forlate badstua 5/10 minutt FØR neste time startar!
Forlat badstua rein og ryddig slik du sjølv ønskjer å møte den, husk å lukk begge dørene og opne alle lufteventilane.
Loen Sauna
Lokalisert ved fjordkanten mellom Loen Skylift og Alexandra marina. Flott utsikt utover fjorden og innover mot Loen og Skålafjellet. Moglegheiter for å ta seg ein frisk dukkert i fjorden. Sjekk djupna og vær forsiktig – vi har ingen å miste!
Ingen dusj eller toalett. Planlegg derfor ditt besøk med omsyn til dette! Det blir jobba med å finne framtidig løysing på dette.
Parkering like ved.
Lite skifterom i badstua.
Ta med ferskvatn til drikke og eventuelt litt ekstra til å spe på badstuovnen! OBS: det er kun tillate med ferskvatn i badstua!
Olden Sauna
Ligg idyllisk ved kanten av Oldevatnet i nærleik av Oldevatn Camping. Her kan du gå rett frå badestua og ta eit forfriskande bad i det turkisfarga isbrevatnet.
Ingen dusj eller toalett. Planlegg derfor ditt besøk med omsyn til dette.
Lite skifterom i badstua.
Parkering like ved.