Salsvilkår

Steikje God Kok AS – strynsauna.no

Betaling
Kunde (gjest) skal betale heile beløpet via Vipps eller kort ved online bestilling på saunastryn.no 

Avbestilling og endring av booking

Kunden kan sjølv administrere bookinga si gjennom den digitale bookingløysinga. Her kan kunden anten flytte bookinga til eit anna tilgjengeleg tidspunkt eller avbestille bookinga.

Ved avbestilling gjeld følgjande refusjonsreglar:

  • Avbestilling seinast 12 timar før booka tidspunkt gir rett til 100 % refusjon av innbetalt beløp.

  • Avbestilling seinare enn 12 timar, men seinast 5 timar før booka tidspunkt, gir rett til 50 % refusjon av innbetalt beløp.

  • Ved avbestilling mindre enn 5 timar før booka tidspunkt blir det ikkje gitt refusjon.

Refusjon skjer automatisk til same betalingsmiddel som vart nytta ved bestilling.

Endring av booking kan gjerast av kunden sjølv via bookingløysinga, føresett at det er ledig kapasitet på ønskja tidspunkt. Dersom det ikkje er ledig kapasitet på ønskja tidspunkt, må kunden gjere ei ny booking dersom vedkomande ønskjer eit anna tidspunkt.

Personvererklæring
Behandlingsansvarlig for innsamla personopplysningar er selgar. Med mindre kjøpar samtykkjer til noko anna, kan selgar, i tråd med personopplysningslova, berre innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendig for at selgar skal kunne gjennomføre forpliktelsane etter avtalen. Kjøpar sine personopplysningar vil berre bli utlevert til andre dersom det er nødvendig for at selgar skal få gjennomført avtalen med kjøpar, eller i lovbestemte tilfelle. 

Generelle reglar

  • Alkohol: Det kan kun nytast alkohol ved privat/gruppebestilling. Maksimalt 2 einingar medbrakt alkohol per person. Synleg rusa gjester har vi rett til å vise bort. Drikke med sterke fargestoff er ikkje tilatt.

  • Minst ein vaksen ansvarleg over 18 år må følgje med unge under 16 år. 

  • Bruk alltid badetøy og handkle på benk til å sitte på. Ta gjerne med 2 handklede. 

  • Ta med drikkevatn for å unngå dehydrering. Det er ikkje tillate med mat i badstua, kun drikkevatn! 

  • Av sikkerheitsmessige årsaker skal ikkje maksimal kapasitet overskridast. 

  • Kunden som leiger er ansvarleg for skade på fasilitetar som følgje av uaktsam eller uforsvarleg framferd. 

  • Bruk av sauna samt bading er på gjestane sitt eige ansvar. 

  • Rydd og gjer deg klar til å forlate badstua 5/10 minutt FØR neste time startar!

  • Forlat badstua rein og ryddig slik du sjølv ønskjer å møte den, husk å lukk begge dørene og opne alle lufteventilane.

Kontaktinformasjon

E-post: post@saunastryn.no

Tlf: +47 469 36 575 

Steikje God Kok AS 

Org.nr: 933 774 570  

Postadresse: Lodalsvegen 7, 6789 Loen 

Juridisk merknad
Steikje God Kok AS står ikkje til ansvar for forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Vi tek atterhald om feil i informasjon om tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom varen som er kjøpt ikkje kan nyttast som følgje av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn eller el-tilførslar, eller liknande hendingar som verken Steikje God Kok AS eller kundar kunne forutsjå eller påverke. 

Book enkelt
online no!

Unn deg ei fantastisk oppleving!